Utetreninga er ei lavterskel treningsgruppe med fokus på enkel styrke, balanse, kondisjon og gode rørsler til musikk.
Utetreninga passar for ungdom, vaksne og seniorar. Du kan vera heilt utrent, eller ha trent litt. Det kan passa for deg som ønsker å koma i gong med aktivitet, eller for deg som vil vedlikehalda form. Øvingane vert utført i ståande og ein treng ikkje ned på bakken. Kvar enkelt tilpassar treninga ut frå sine fysiske forutsetningar.
Treninga foregår i parken utanfor biblioteket på Bjørkheim. Treninga er alltid ute, så det er viktig å kle seg etter været. Det vert anbefalt brodder eller sko med pigger ved snø/is.
Me inviterar til ei lita kaffistund etter treninga. Treninga er gratis, og du treng ikkje melda deg på :) Vel møtt!