Velkommen til sommarmarknad lørdag 7. juni.
- Kl 11.00:
Marknadsdagen opnar
Utforsk spanande stands med blant anna velværeprodukt, heimalaga accessories, planteloppemarknad, mat og mykje anna. Lær meir om kva som skjer i lokalmiljøet ditt.
- Kl 11.00-13.30:
Generasjonsleikane
Kjekke aktivitetar på tvers av generasjonar. Ta med ein ven, nabo, familie eller andre, og delta som eit lag. Alle får premie.
- Kl 11.00-15.00:
Biblioteket er opent
Stikk innom for å låna deg ei god bok eller ta eit slag biljard. Husk sommarles for borna.
- Kl 11.00-15.00:
Kafe i biblioteket
Nyt herleg kaffi og noko godt å bita i på kafeen i det store møterommet på biblioteket. Dette er den perfekte måten å starta dagen på eller ta ein pause frå aktivitetane.
Arr: Husflidlaget
- Kl 11.00-14.00:
Moro for dei minste
Møt klovnen Mucho som skapar magiske øyeblikk i møte med store og små, her vert det også ansiktsmaling. Tryllekunstnar Geir Elling vil gå rundt og underhalda med morosame triks og magi.
Likar du popcorn? Popcornmaskina står klar til alle som ønsker dette.
- Kl 13.00-13.25:
Klassisk konsert
Nyt klassiske meisterverk framført av Sigve Dyrhovden i kafeen.
- Kl 14.00-15.00
Show i parken
Her vert det kjekk danseoppvisning av linedancegruppa Howdy, nydelege tonar frå skulemusikken, og flott song av Mira.
Moteoppvisning (ca 14.30) med det siste nye innan sesongens flotte plagg og ullprodukt, ved Ine`s hudpleieklinikk og Safa.
Parkering: Det er parkering på nordsida av fylkesveg 49 (i Vågen og ved grendahuset). Unngå å nytta parkeringsplassane til dei næringsdrivande på Bjørkheim.